Søkeresultat

U23 VM i Varese

20.07.2014

Siste! SØLV til Inger Kavlie/Marianne Madsen i W2x!

Artikkelen oppdateres daglig under mesterskapet. Se reisebrev fra lagleder og billedgalleri (innsendte bilder) nederst!

Se også aktuelle linker og resultatservice fra  U23 VM på worldrowing.com 

Finaler

Lør 26/7

 

 

 

Kl 1040

C-finale

LM 1x

 4. pl - 16. plass totalt (25 nasjoner)

Kl 1129

C-finale

W 1x

 3. pl - 15. plass totalt (21 nasjoner)

Kl 1150

B-finale

LW 4x

 3. pl - 9. plass totalt (9 nasjoner)

Kl 1157

B-finale

LM 2-

 3. pl - 9. plass totalt (14 nasjoner)

Kl 1204

B-finale

W 2-

 1. pl - 7. plass totalt (12 nasjoner)

 

 

 

 

Søn 27/7

 

 

 

Kl 0958

B-finale

M 2x

 2. pl - 8. plass totalt (20 nasjoner)

Kl 1019

B-finale

LM 4-

 6. pl - 12. plass totalt (12 nasjoner)

Kl 1026

B-finale

M 4x

 5. pl - 11. plass totalt (15 nasjoner)

Kl 1033

B-finale

M 1x

 5. pl - 11. plass totalt (29 nasjoner)

Kl 1145

A-finale

W 2x

 SØLV! (9 nasjoner)

 

Norges Tropp

U23 M1x

U23 W1x

Oscar Stabe Helvig (Norske Studenters Roklubb)

Anna Een Sture (Norske Studenters Roklub)

Trener: Roger Wiggin

Trener: Roger Wiggin

 

 

U23 LM1x

U23 Res

Nicolai Astrup Wiik (Christiania Roklub)

Henrik Hauge (Bærum Roklubb)

Trener: Janis Gailis

Trener: Per-Helge Brun Svendsen

 

 

U23 LM2-

U23 W2-

Patrick Een Sture (Norske Studenters Roklubb)

Hanna Gailis Inntjore (Kristiansand Roklubb)

Petter Svingen (Norske Studenters Roklubb)

Ingvild Rønningen (Bergens Roklub)

Trener: Roger Wiggin

Trener: Janis Gailis

 

 

U23 M2x

U23 W2x

Erik Solbakken (Moss Roklubb)

Inger Kavlie (Christiania Roklub)

Kris Cato Tohn (Sandefjord Roklubb)

Marianne Madsen (Christiania Roklub)

Trener: Sebastian Baranzano Lena

Trener: Sigurd Gullerud

 

 

U23 LM4-

U23 LM2x

Jens Holm (Sarpsborg Roklubb)

Ask Tjøm (Tønsberg Roklubb)

Ola Larsson (Moss Roklubb)

Sverre Vinje (Christiania Roklub)

Oskar Sødal (Kristiansand Roklubb)

Trener: Ernie Clark , Trener

Theodor Astrup Wiik (Norske Studenters Roklubb)

 

Trener: Janis Gailis

 

 

 

U23 M4x

U23 LW4x

Hallvard Bjørklund (Bergens Roklub)

Andrea Solli Älveborn (Christiania Roklub)

Halvor West (Bærum Roklubb)

Lise Skarstein Jakobsen (Fana Roklubb)

Jørgen Mjøs Nilsson (Tønsberg Roklubb)

Maia Emilie Lund (Bergens Roklub)

Robin Munoz Fjeldstad (Moss Roklubb)

Sara Hegge (Norske Studenters Roklubb)

Trener: Per-Helge Brun Svendsen

Trener: Sebastian Baranzano Lena

 

 

Hovedleder  

 

Svein Moldestad (+47 41404545)

 

 

Reisebrev fra Varese v/Svein Moldestad

Måndag 21. juli 2014

Så er alle roarane og dei fleste trenarane på plass i Varese for å vidareføre den gode trenden vi hadde i fjor i U23 VM i roing. Troppa i år er rekordstor med 11 båtar til start.

Etter ei lang og slitsam reise har alle roarane fått rigga båtane sine og prøvt dei ein tur på vatnet samtidig som dei har fått reisa utav kroppen. Båttransporten gjekk greit med både norske, svenske og danske båtar på tilhengaren, i alt 26 båtar. Med ein avstikkar til Sarnen i Sveits for å levere ein feilsendt båt tok reisa 2 døgn med ei overnatting.

Vi er innkvarterte på eit fint hotell som ligg litt lenger unna bana enn vi kunne ønskje, med det går skyttelbussar heile dagen, så det opplever vi ikkje som noko stort problem. Vi er alle spente på trekninga som skal være i morgon. Og alle gledar seg til å kome i gang.

I morgon er sjølve opninga, og alt onsdag brakar det laust. Og med ei rekordstor tropp blir det også ein rekordstor kontingent på tribunene som skal heie fram dei norske båtane. Vi ser fram til god støtte frå tribuna slik vi har hatt tidlegare. Så føl med vidare! Vi vonar å kunne rapportere om vidare framgang frå i fjor!

Tysdag 22. juli 2014

På dag 2 i Varese har trening, trekning og åpningsseremoni vore hovudtema.

Alle roarane har vore på vatnet 2 økter i dag, og dei som har skader på båtane har fått ordna det hjå leverandørane. Dei yter ein veldig god service i forhold til å holde båtane i tip topp stand. Dette set vi sjølvsagt stor pris på, og vi vonar vi kan levere gode prestasjonar tilbake som takk for god hjelp!

Rytmen i laga byrjar å setje seg, og ein del logistikk har falle på plass i løpet av dagen. Og det er naudsynt for at utøvarane skal kunne prestere på topp.

Stemninga i troppen er veldig god – og spent! Alle ser fram til å kome i gang med det vi er her for: KONKURRANSANE.

Trekninga knytta det seg stor spenning til. Den spenninga er no utløyst, og alle veit kven dei skal ro forsøk mot. På dette nivået er alle konkurrentane gode, så det blir harde løp alle i forsøket på å ta seg vidare til neste runde. Men alle er fullt konsentrerte om oppgåvene sine, og eg er trygg på at aller greier å prestere på topp.

Først ut er  Henrik som skal ro «reserveløp» i 1x, og etterpå er det full rulle for fleire.

Jentene i lettvekts dobbeltfirer( BLWx) er først ute og skal ro mot Ungarn, Frankrike og Tyskland. Dei 2 beste i kvart heat går direkte til A-finale medan dei andre må ro oppsamling.

Så er det BLM2- sin tur, og Patrick og Petter skal ro mot Canada, Italia, England og Australia. Dei må være på ein av dei 3 første plassane i heatet sitt får å gå direkte til Semifinalen.

Neste lag ut er BW2- det Hanna og Ingvild skal ro mot Ukraina, New Zealand, Spania, Tyskland og Canada. Og skal jentene gå rett til A-finalen må dei vinne heatet sitt.

Så er det Nikolai i BLM1x som skal ro mot Tyrkia, Nederland, Moldova og Danmark. Nikolai må bli blant dei 4 første i heatet for å avansere direkte til kvartfinale.

Siste mann ut i morgon er Oscar i BM1x, og han møter Hellas, Slovakia, Italia og Sveits, og han må også være mellom dei 4 første i heatet for å gå direkte vidare til kvartfinale.

Dei andre laga ror sine forsøk torsdag.

Det blir spennande timar på bana i morgon, og men ein solid kontingent norske supportarar på tribuna blir det ei oppleving vi alle ser fram til og gledar oss til!

Åpningsseremonien holdt på å bli utan norske deltakarar til stades, for transporten vi hadde bestilt for over ei veke sidan kom aldri! Det kom ein buss frå bana som skulle returnere dit, men etter ein del telefonering og forhandlingar tok denne bussen oss og det japanske laget til åpninga.

Og bussturen var prega av køkøyring der farten til tider var så lav at blomsterselgaren gjkk mellom bilane for å kapre kundar! Og vi var ei stund redde for at einast norske flagget vi ville sjå på åpninga var det på overtrekksjakka!

Men til tross for alle hindringane rakk vi akkurat å kome fram i det åpninga starta, og etter ein halv time var det over, og vi kunne returnere til hotellet i trygg forvissning om at U23 VM i roing 2014 er i gang.

Så det er berre å følgje med her, for det kjem fleire oppdateringa dei neste dagane.

Onsdag 23. juli 2014

Dag 3 i Varese har vore ein dag med nydeleg sommarver og vart avslutta med tordenvær og regn. Men då var dagens program gjennomført.

Vi har hatt 5 lag i aksjon i dag, Først ut var Henrik i «reserveløp» (BM1x). Han gjennomførte eit av sine beste løp nokon sinne og kjempa om 2.-plassen heilt til målstreken. Den glapp, så han vart nummer 3 i sin internasjonale debut.

Så var det lettvektsjentene (BLW4x). Dei hadde avtale om å prøve hardt i 1250 meter for så å sleppe seg ned dersom dei ikkje hadde sjanse til å gå direkte vidare. Så det vart 4. plass i heatet, og dei skal ro oppsamling i morgon ettermiddag.

Neste par ut var Patric og Petter i BLM2-. Dei rodde i eit sterkt heat og hamna på 4. plass som gjer at dei også skal ro oppsamling i morgon ettermiddag. Basert på tidene i forsøka skulle dei ha gode sjansar til å greie semifinaleplass gjennom oppsamlinga.

Så var det Hanna og Ingvild sin tur i BW2-. Dei rodde eit jamt godt løp og vart nummer 3 i heatet, men sidan berre eit lag gjekk direkte til finalen skal dei ro oppsamling og kjempe om dei 4 resterande finaleplassane i morgon ettermiddag.

Nikolai i BLM1x rodde taktisk og la eit lag bak seg og er dermed klar for kvartfinale fredag. Han har dermed konkurransefri i morgon.

Det same gjeld Oscar som rodde eit veldig godt løp og kjempa om sigeren i heatet. Den glapp med 27/100, men 2.-plassen gjer at han også er klar for Kvartfinalen fredag. Det er hyggeleg å registrere at Oscar aldri har rodd så fort over 2000 meter tidlegare. Det vitnar om god form, og fortsetjinga blir spennande!

Dei utøvarane som ikkje har konkurrert i dag har gjennomført treningsprogrammet sitt og er alle som ein klar til å yte sitt maksimale i morgon! Det blir spennande å være norsk i Varese i morgon!

Supprotargruppa byrjar å vekse, så det blir mykje lyd og mange norske flagg på tribunene framover. Det set vi stor pris på, og vi skal gjere alt vi kan for at dei får grunn til å juble!

Stemninga i troppen er framleis veldig god – og spent, så det er berre å følgje med på her, for det kjem enda fleire oppdateringa dei neste dagane.

Torsdag 24. juli 2014

Dag 4 i Varese starta med lettskya og nesten vindstille. Lufta var frisk etter at gårsdagen vart avslutta med tordenvær og regn.

Vi har hatt 9 lag i aksjon i dag, og først ut var Marianne og Inger i (BW2x). Dei kom dårleg ut men avslutta sterkt. Det vart 4.-plass og dei skal ro oppsamling i morgon.

Så var det Kris Cato og Erik i BM2x. Dei hadde eit veldig strekt heat og vart nummer 5, og dei skal ro oppsamling i morgon.

3. par ut var Sverre og Ask i BLM2x. Dei starta veldig godt og kjempa om 2. plassen som ville gitt direkte semifinaleplass. Men New Zealand vart for streke på slutten, og det vart 3. plass og oppsamling i morgon. I forsøket på å nå semifinalen tok Sverre seg så ut at regattalegen sendte han på sykehus for observasjon. Men heldigvis har Sverre det fint, men han får ikkje lov av doktorane å ro i morgon, og derfor må vi trekke båten frå meisterskapet.

Vi hadde berre fått pusten igjen etter dette spennande løpet for Theodor, Jens, Ola og Oskar stilte til start i BLM4-. Dei kom i eit veldig strekt heat, og det vart 6. plass og oppsamling i morgon.

Så var det Halvor, Robin, Jørgen og Halvard sin tur i BM4x. Dei rodde eit jamt godt løp og kom på 4. plass i heatet etter ei sterk avslutning. Men sidan dei 3 første i heatet gjekk til semifinalen blir det oppsamling i morgon.

Sist ut i forsøka var Anna i BW1x. Ho gjorde eit godt løp og spurta inn til ein fin 3. plass. Men sidan berre vinnaren gjekk direkte til semifinale blir det oppsamling på Anna i morgon. Anna var svært fornøgd med gjennomføringa av løpet, og det er vi andre også!

Då var alle utøvarane våre ferdige med forsøka, og det var tid for oppsamlingsløpa. Først ut her var Andrea, Sara, Maia og Lise i BLW4x. Dei rodde det dei var gode for, men fekk erfare at konkurransen er sterk. Så det vart 5.-plass som gir B-finale som går laurdag.

2. lag ut var Patrick og Petter i BLM2-. Dei rodde eit kjempegodt løp, og gjennom ei sterk avslutning kneip dei 2.-plassen 28/100 før Tyrkia og er demed klar for semifinalen i morgon ettermiddag.

Så var det Hanna og Ingvild sin tur i BW2-. Dei rodde eit godt løp og vart nummer 3 i heatet, men sidan 2 lag gjekk vidare til A-finalen skal dei ro B-finale laurdag. Jentene rodde eit løp opp mot potensialet sitt og var godt fornøgde med løpet.

Supportargruppa byrjar no å bli så stor at dei markerer seg godt på tribunene, så det er mykje lyd og mange norske fargar å sjå der. Det gjer godt å høyre at ein har støtte på tribunene når ein er sliten og nærmar seg mål. Heile troppa set utruleg stor pris på det sterke engasjementet supportarane viser!

Stemninga i troppen er framleis veldig god – alle er i gang, så det er berre å følgje med her, for det kjem enda fleire rapportar dei neste dagane. 

Fredag 25. juli

Dag 5 i Varese starta med sol og vindstille. Lufta var frisk etter at gårsdagen nok ein gong vart avslutta med tordenvær og regn.

Vi har hatt 8 lag i aksjon i dag. Nikolai var først ut i kvartfinale i BLM2x. Han rodde eit veldig godt løp opp mot potensialet sitt og var veldig nær 3. plass, som ville gitt semifinale A/B. Han var snaut 5/10 for seint til det, og det vart den sure 4. plassen som gav semifinale C/D. Dermed måtte Nikolai restituere seg i rekordfart for eit løp til på slutten av dagen. Denne semifinalen gjennomførte han veldig godt. Han vann semifinalen sin og skal ro C-finale i morgon.

Deretter var det Marianne og Inger i BW2x, som rodde oppsamling. Dei rodde eit mykje bedre løp i dag enn i går, og dei vann oppsamlinga og er klare for A-finalen søndag.

Så var det Kris Cato og Erik som rodde oppsamling i BM2x. Dei rodde veldig strekt, og dei hadde endra på nokre detaljar frå i går. Dette var vellykka, og dei vart belønna med 1. plass og plass i semifinalen i morgon.

Theodor, Jens, Ola og Oskar stilte så til start i oppsamling i BLM4-. Dei fekk erfare kor høgt nivået i lettvektroing har blitt internasjonalt. Dei rodde eit jamt godt løp og vart belønna med 5. plass og skal ro B-finale søndag.

Etterpå var det duka for oppsamling for Halvor, Robin, Jørgen og Halvard i BM4x. Dei rodde eit veldig godt løp i eit sterkt oppsamlingsheat. Dei kapra 2.-plassen i heatet etter ei sterk avslutning, og det vart belønna med plass i semifinalen i morgon.

Det var så klart for kvartfinale for Oscar i BM1x. Han rodde eit veldig godt løp i eit jamt heat og kapra 3.-plassen som gir plass i semifinale A/B som går i morgon.

Sist ut i oppsamlinga i dag var Anna i BW1x. Ho gjennomførte eit godt løp i eit sterkt heat og spurta inn til 4. plass. Denne prestasjonen vart belønna med semifinale C/D, og ho måtte også, slik Oscar måtte , restituere seg i rekordfart for å ro semifinale C/D på slutten av dagen. Dette greide ho med glans og etter eit sterkt løp rodde ho inn til 3. plass og plass i C-finalen i morgon.

Siste laget ut var Patrick og Petter i BLM2-. Dei rodde eit godt løp, men dei hadde sterk motstand. Dei fekk 5.-plass og skal ro B-finale søndag.

Supportargruppa er no nesten fullstendig, og dei markerar seg godt på tribunene. Den «norske delen» av tribuna er blant dei som gir mest supportarlyd!

Stemninga i troppen er framleis veldig god. Vi er fulltallige igjen då Sverre fekk kome tilbake til troppa. Det er godt å ha blid og hyggeleg Sverre med i troppa igjen! Det har vore godt å være norsk i Varese så langt! Og vi ser veldig fram til morgondagen med mange norske lag i aksjon, til glede for oss og supportarane.

Laurdag 26. juli 2014

Dag 6 i Varese starta med sol og vindstille. Lufta var frisk etter at det i løpet av natta nok ein gong var tordenvær og regn.

Vi har hatt 7 lag i aksjon i dag. Nikolai var først ut i C-finale i BLM1x. Han greide ikkje å kopiere det gode løpet han hadde i semifinalen. Han kom dårleg ut i tillegg til at han vart liggande i bølgene frå dommarbåten i fleire hundrede meter. Dette vart så forstyrrande at han totalt gjorde eit dårleg løp som gav 4.-ålass og dermed vart Nikolai nummer 16 totalt.

Neste roar ut var Anna i C-finale i BW1x. Ho gjennomførte eit nok eit godt løp. Spesielt var avslutninga sterk, og ho rodde inn til 3.-plass som gir henne 15. plass i VM. Anna har gjort mange gode løp her og har hausta mykje god erfaring ho vil få bruk for seinare.

Så var turen komen til Andrea, Sara, Maia og Lise i B-finale i BLW4x. Dei greide ikkje å finne saman som lag og hadde dermed ikkje sjanse mot dei andre laga. Det vart 3.-plass i heatet og dermed 8. plass i VM.

Neste lag ut var Patrick og Petter i B-finale i BLM2-. Dei rodde eit godt løp, med ei sterk avslutning. Det resulterte i 3. plass i heatet, som gir 9. plass i VM.

Så var det Hanna og Ingvild som rodde B-finale  i BW2-. Dei kom serdeles dårleg ut, men samla seg fint og rodde gjennom heile feltet og vann B-finalen, som gir 7.-plass i VM! Det er ein sterk prestasjon for ein «ung» båt som ikkje har rodd saman lenge.

Så var det tid for semifinalene, og først ut av våre her var Kris Cato og Erik i BM2x. Dei greidde dessverre heller ikkje å kopiere det gode løpet dei gjorde i oppsamlinga. Dei kom på etterskudd i starten, og dei greide ikkje å henge saman som lag. Sjølv om dei hadde ein sterk spurt vart det den forsmedelege 4.-plassen som gir B-finale i morgon formiddag, og dette var ikkje gutane fornøgde med.

Neste «norske» semifinale var Halvor, Robin, Jørgen og Halvard i BM4x. Dei ville rett og slett for mykje i dag og greide heller ikkje å gjenskape det gode løpet dei hadde i går. Det vart 6. plass i heatet og dermed B-finale i morgon formiddag.

Siste norske i semifinalen var Oscar i BM1x. Han åpna veldig godt og kniva lenge om 3.-plassen som ville gitt A-finale. Men Oscar stivna veldig i beina. Derfor roa han ned og vart nummer 6 i heatet og skal ro B-finale i morgon formiddag.

Dermed var konkurransedagen over for vår del. Alle restituerar seg til nye løp i morgon. Vi vonar det klaffar bedre for dei norske laga då. Supprotargruppa må også i dag få skryt, for dei markerar seg minst like godt på tribunene som dei store ronasjonane! Det er imponerande, og vi set utruleg pris på det! Dei blir gode å ha i ryggen når dei norske laga skal i aksjon i finalene i morgon.

Søndag 27. juli

Kommer







Webdesign fra: New Media AS