Nyheter > Nyheter

U23 VM i Linz

23.07.2013

 

Norge stiller med åtte lag i U23 VM i Linz 24-28 juli 2013

Firer Menn (M4-): Sven Nicolaysen, Lars Myhrer, Hallvard Bjørklund og Markus Holmemo            

Dobbeltfirer Menn (M4X): Martin Helseth, Ole Henrik Bang-Andreasen, Erik Solbakken og Halvor West     

Toer Kvinner (W2-): Hanna Intjore og Trude Meyer

Dobbeltsculler Kvinner (W2X): Marianne Madsen og Inger Kavli

Dobbeltsculler Lettvekt Kvinner (LW2X): Stine Hammer og Sndrea Älveborn

Dobbeltsculler Lettvekt menn (LM2X): Nicolai Astrup Wiik og Frederic Skjønhaug

Singelsculler Kvinner (W1X): Ingvild Rønningen

Singelsculler Menn (M1X): Joakim Bøhn

Trenere: Roger Wiggin (M4-), Per-Helge Brun Svendsen (M4x), Janis Gailis (W2-, LM2x og M1x), Martha Helgeland (W2x) og Nina Mjaaland (LW2x og W1x)

Lagleder: Svein Moldestad

 

Reisebrev Dag 1

Så er vi i gang igjen. Med 18 spente roarar på plass i Linz i Østerike er U23 VM 2013 i gang.

Den store norske troppa strålar om kapp med sola, som definitivt er til stades og sørger for høge temperaturar både dag og natt. Utfordringa vår er å sørge for at alle får i seg nok drikke.

Registrering og fotografering er unnagjort og vi kan ta til på det vi er her for.

Alle har gjort i stand båtane dei skal bruke og har vore på vatnet og testa forholda.

Åpninga er unnagjort med taler og musikk som det brukar å være, og spenninga hjå utøvarane er på topp.

Dei første som skal i elden er W2-, M4- og M1x.

Det skal bli godt å kome i gang med tevlinga!

For 7 veker sidan stod heile ragattabana under vatn, så det er utruleg at arrangøren har fått i stand bana til dette mesterskapet. Det har kosta mykje pengar og kjempeinnsats frå veldig mange, og då er det hyggeleg at arrangementet er tilgodesett med så fint vær! Alle foreldre som er på veg hit kan sjå fram til varme og fine dagar her i Linz.

23.07.2013 Svein Moldestad

Reisebrev Dag 2

Positiv start :o)

Første dag av konkurransane er unnagjort, og vi sit igjen med 2 fornøgde lag og 1 mindre førnøgd lag.

Joakim Bøhn vart nr. 2 i forsøket etter ein begredeleg start men godt gjennomført løp på god tid. Joakim er dermed vidare til kvartfinale som går på fredag.

Hanna og Trude hadde ein endå dårlegare start, men gjennomførte eit godt løp og rodde jamt med vinnaren på dei siste 500 meterane. Det lovar godt for oppsamlinga som går torsdag ettermiddag.

Firer utan styrmann sleit med å få ut potensialet sitt og var nr 5 i sitt heat og skal også ro oppsamling torsdag ettermiddag. Vi vonar at dei får ut potensialet sitt og kvalifiserar seg til A-finalen.

Start List Summary Thu 25 Jul 2013

Vi registrerer med glede at den norske kontingenten på tribunene stor og veksande, så alt ligg til rette for at det skal bli nokre fine dagar å være norsk i Linz. Så føl med – Framhald følgjer!

24.07.2013 Svein Moldestad

Reisebrev dag 3

Positiv start :o)

Andre dag av konkurransane er unnagjort, og vi sit igjen med 2 fornøgde lag og 1 mindre førnøgd lag.

Først ut var Marianne og Inger i dobbeltsculler. Dei rodde mot sterke lag, og berre ein båt gjekk direkte til semifinalen. Jentene gjennomførte eit godt løp som holdt til 5. plass i heatet, og dei skal ro oppsamling fredag morgon.

Neste lag ut var Stine og Andrea i lettvekt dobbeltsculler. Dei rodde mot sterke lag og vart nr 4 i heatet og skal også ro oppsamling fredag morgon.

3. norske lag ut var Nicolai og Frederic i lettvekt dobbelsculler. Etter ein god start, litt rufsete 2. 500-meter kom dei inn i ein god rytme og vart nr 2 i heatet og er klar for semifinalen som går laurdag formiddag.

Dobbeltfiraren rodde eit sterkt løp med ei tid som er likt med det beste dei har rodd. I det sterke heatet vart dei nummer 3 og skal ro oppsamling fredag formiddag med gode mulegheter til å ta seg vadare til semifinalen.

Ingvild i singelsculler fekk ein dårleg start, men avslutta sterkt og tok godt innpå Sverige mot slutten. Ho vart nummer 3 i heatet, men sidan berre 2 gjekk direkte til semifinalen må ho ro oppsamling fredag formiddag.

Hanna og Trude i 2-ar utan styrmann rodde oppsamling, og etter eit veldig sterkt løp sette dei tidsbeste for sin del, men dei var 26 hundrededeler unna å gå til A-finalen. Sure hundrededeler, men eit svært godt løp overskygga det faktum at det vart B-finale, og det var 2 strålande fornøgde jenter vi møtte etter løpet.

Sist lag ut i dag var firer utan styrmann. Sven Ole, Hallvard, Markus og Lars slit framleis med å få ut potensialet sitt, og det vart B-finale på dei laurdag formiddag.

Vi vil igjen peike på den STORE norske kontingenten på tribunene! Det er lett å høyre når det kjem norske båtar. Det høyrest så godt at vesentleg større nasjonar kjem til kort i ”kampen om tribunene”. Med denne støtta frå tribuneplass skal det bli morsomt å følge med vidare! Så følg med, framhald følgjer!

25.07.2013 Svein Moldestad

Reisebrev dag 4

Ein strålande dag i Linz :o)

Tredje dag av konkurransane er unnagjort, og vi sit igjen med hovudet fullt av positive opplevingar etter fantastiske prestasjonar ”på løpande bånd”.

Først ut var også i dag Marianne og Inger i dobbeltsculler. Dei rodde mot sterke lag, og etter eit utruleg spennande løp, der speakeren kommentrte kor godt den norske båten rodde, vart dei nr 2 i heatet, 75/100 bak Frankrike som vann heatet. Dei var 6/100 føre Nederland, og passen i A-finalen er sikkra.

Neste lag ut var også i dag Stine og Andrea i lettvekt dobbeltsculler. Dei rodde eit jamt og godt løp og vart dei nummer 3 i heatet og skal ro semifinale laurdag formiddag.

Dobbeltfiraren gjorde ein dårleg utgang, og 1. 500 meter gjekk ikkje som dei kan på sitt beste. Fram til 1500 meter fekk dei ein veldig god marsjfart som gjorde at dei kapra 2. plassen i oppsamlinga og er klar for semifinale laurdag formiddag.

Joakim i singelsculler gjennomførte eit strålande løp til tross for nokre små tekniske utfordringar og vart og kapra 3. plassen i kartfinalen og er klar for semifinalen laurdag formiddag.

Ingvild i singelsculler gjennomførte også eit veldig gogt løp i oppsamlinga. Men både Ungarn og Sveits vart for sterke, og Ingvild skal ro C/D-semifinale laurdag formiddag.

Supportargruppa fortset å #herje# på tribunene, og dei stiller opp som våre forlenga armar på tribuna. Både utøvarar og støtteapparat set VELDIG stor pris på denne støtta, og det hjelper oss til å preastere enno bedre.

I dag har det vore godt å være norsk i Linz!

26.07.2013 Svein Moldestad 

Reisebrev dag 5

Ein strålande dag i Linz :o)

Femte dag starta med semifinale for Ingvild i W1x. Ingvild gjrnnomførte eit godt løp og vart nummer 2 i heatet og kvalifiserte seg for C-finalen. Den gjekk seinare på dagen , og Ingvild gjennomførte nok eit godt løp. Men konkurransen var sterrk, og ho vart til slutt nummer 4 i løpet, altså nummer 16 i VM. Ingvild er klar på at ho har fått at ho har prestert det ho er god for i varmen og har gjennomført eit mesterskap i samsvar med kapasiteten ho har inne.

LW2x rodde semifinale og gjennomførte også eit løp opp mot kapasiteten. Dei vart nummer 6 og skal ro B-finale søndag morgon.

Så var det LM2x sin tur. Dei gjekk offensivt ut og hang godt med til 1000 meter. Dei stod desverre ikkje heile distansen og vart nummer 6 og skal også ro B-finale søndag morgon.

M4x gjorde, som i går og dagen før, eit godt løp opp mot kapasiteten sin. Men sterk motstand gjorde at dei vart nummer 6 i løpet sog skal ro B-finale søndag morgon.

Joakim i singelsculler gjekk også hardt ut – kanskje litt for hardt – for han stivna etter 300 meter. Det sleit han med heilt til det løsna litt på slutten. Han vart nummer 6 i løpet og skal også ro B-finale søndag morgon.

Hanna og Trude i W2- gjennomførte nok eit løp opp mot sitt aller beste, og det holdt til andre plass i B-finalen, altså nummer 8 i VM. Sjølv om plasseringa i årets VM var dårlegare enn i fjordårets er årets prestasjon vesentleg bedre enn i fjordårets mesterskap.

Gutane i M4- var ute etter å vise at dei dei kan bedre enn dei har fått vist tidlegare i mesterskapet. Dei kom desverre dårleg ut og sakka akterut. Men nokre hundrede meter før mål løsna det skikkeleg, og dei presterte ei avslutning det lukta svidd av. Løpet jamna seg ut, men det løsna desverre litt for seint til at dei greide å passere nokon av dei andre laga, og dei vart nummer 4 i løpet, og nummer 10 totalt i VM. Med den oppladninga til mesterskapet denne båten har hatt er det ein veldig god prestasjon.

Supportargruppa held tramleis koken og gjev laga våre god støtte. Utøvarane set veldig stor pris på denne støtta og har bett oss understreke det kraftig. Det er hermed gjort – nok ein gong! Og det er veldig fortent.

Det vore godt å være norsk i Linz i dag også!

 27.07.2013 Svein Moldestad

Reisebrev dag 6

Ei hektisk avslutning i Linz :o)

Siste dag starta hektisk for oss. Halvor hadde blitt sjuk i løpet av natta! Kva gjer vi då? Etter kort rådslagning spurte vi om Sven Ole kunne steppe inn for Halvor slik at dobbeltfiraren kunne fullføre mesterskapet. Sven Ole stilte sproty opp, og medan dei førebudde seg til B-finalen var halvor til lege slik at vi kunne bytte ut ein roar i båten. Sjølv om tida var knapp gjekk det i orden med byttet.

Først ute var Lw2x. Dei rodde på mot kapasiteten sin, og i det sterke feltet vart dei nummer6, det vil seie nummer 12 i VM.

Neste båt ut var LM2x, og i eit jamt løp var Nicolai og Frederic godt med i løpet, og i eit tett løp vart dei til slutt nummer 5 og dermen nummer 11 i VM, og det er eit framskritt frå i fjor, både plasseringsmessig og prestasjonsmessig.

Så var det den ”nye” dobbeltfiraren sin tur. Dei kjemps godt heile vegen, og tok ut altt dei hadde – og litt til- og vart til slutt nummer 4 i det sterke feltet. Ole på stoke-plassen tok seg så ut at han trengtew lang til på å kome seg på beina igjen. Vi må innrømme at vi ei stund Var bekymra for han! Men som den tøffingen har er var han på beina igjen etter å ha kome på lang igjen. Denne 10.plassen i VM skal vi være svært fornøgde men, og det var gutane også! Stor takk til Sven Ole som redda dagen på ein slik strålande måte!

Så var det Joakim i singelsculler. Han rodde eit jamt løp, men han var nok byrja å bli sliten etter mange harde løp og vart nummer 6 i løpet, og nummer 12 i VM.

Og til slutt var det Marianne og Inger sin tur i A-finale i dobbeltsculler. Dei kom dårleg ut men gjennomførte eit sterkt løp oh vart nummer 5 i årets VM. Det er ein sterk prestasjon, og det skal bli spennande å følge denne båten vidare!

Med 1 A.finale, 6 B-finaler og 1 C-finale må vi seie oss fornøgde med det sportslege resultatet. Og som lagleiar set eg utruleg stor pris på det gode samholdet i laget. Det var sportsleg fokus heile vegen, og det viser seg i resultata. Det er framgang!

Den norske kontingente på tribuna må vi igjen ta fram! Det er eit utruleg godt for eit løg å ha ei slim gruppe som støttar utøvarane – og støtteapparatet – på ein slik positiv måte! Vi ser alle fram til vidare samarbid i så måte.

Vi må også nemne den kjempeinnsatsen arrangøren har gjort for å få gjennomført regattaen. For berre 4 veker sidan stod heile anlegget under vatn på grunn av flaum. Heile båtplassen, tribunene og store deler av måltårnet stod under vatn! Så all ære til alle som gjorde det mogeleg å gjennomføre dette mesterskapet.

Det vore godt å være norsk i Linz desse dagene!

28.07.2013 Svein Moldestad

Linker

For mer informasjon se worldrowing.com og mesterskapets egen hjemmeside

Se også Uttak til U23 VM

Se også endelig Resultatliste

 

Bilder fra mesterskapet







Webdesign fra: New Media AS